Du får koma til Jesus med det som er tungt, med di synd og di sorg og di sut. Du skal vita for visst, om du kjem som du er, skal Han slett ikkje støyta deg ut. Du får koma til Jesus i motgang og tvil, og når nedbøygd i mismot du går. Han vil kveikja din hug, Han vil tendra ein smil, og for vinter deg gjeva ein vår. Du får koma til Jesus når gale det gjeng, du får koma for tusande gong. Han vil reisa deg opp, Han vil gle deg igjen. Han vil fylla ditt hjarta med song. Du får koma til Jesus i ungdomens tid, i din manndom og når det vert kveld. Du får koma til Jesus når sola gjeng ned, og dei nattsvarte skuggane fell. Du får koma til Jesus i Faderens hus, der Hans herlegdom du skal få sjå. Du skal vera hos Jesus til æveleg tid; sei kva meir kan du ynskja deg då?Give You Glory Девран Сенсин ạ̉nạ bạsẖky ḥạly Salvation Belongs to Our God Entendez-vous? Если тебе тяжело yạ ṣạḥb ạlslṭạn Yalnız Sen Layıksın 你是神的儿子 ఏమి తెచ్చి నిను
Song not available - connect to internet to try again?