Han tek ikkje glansen av livet. Den Frelsar som kallar på deg. Fyrst då kan for alvor du leva når Han får deg fylgja på veg. Du høyrer dei dårande røyster som lovar deg gullglim og glans. Men ingen legg lys over vegen som Jesus og kjærleiken Hans. Han hjelper i brattaste bakkar, og stydjer når vegen vert smal. Han signar dei sollyse sletter og lyser i døds-skuggens dal. Han fører deg frelst over fjorden, Heilt fram til den Himmelske strand Når døden sin brottsjø du møter, vil Jesus dra båten i land. Han tek ikkje glansen av livet. Han gyller din morgon og kveld, og opnar ei dør til dei salar der æveleg høgtid du held.யாக்கய்யா Aýt Haleluýa Hudaýa Luchando por Cristo The Strife Is O'er, The Battle Done Ó Ježišu, ty chlieb živý Алдарт Эзэнд алдрыг msẖmsẖẗ Seguire te كيف ترنم - الجزء الأول Ғами ҳама дунёро аз дил дур сохтӣ
Song not available - connect to internet to try again?