Leid, milde ljos Leid, milde ljos, igjennom skodde-eim, leid du meg fram! Eg gjeng i myrke natt langt frå min heim, leid du meg fram! Før du min fot; eg treng ei sjå min veg so langt og vidt eitt steg er nok åt meg. Du veit det vel, eg bad ei alltid so: leid du meg fram! Eg vilde velja sjølv min veg, men no leid du meg fram! Eg vilde leva vilt, var stolt og strid og stor i mod -, gløym den dårskaps tid! Di makt hev signa meg, då veit eg visst du leider enn i myr og fjell og heid, og so til sist ein morgon renn, då til meg smiler engleåsyn blid, som eg hev elska før, men mist ei tidJe languis ici-bas Бүкіл әлемге La Tua gloria ʿ ạlạ̉bwạb Besing die lof van Jesus saam chàng yī shǒu tiān shàng de gē Елин Башъма Дейсе Иса Месих Бог Израилев на кресте Nu te-ndoi ci crede Kutsal, Kutsal
Song not available - connect to internet to try again?